Namnet Vasstein kjem opprinneleg frå garden Vadstein som ligg i Hjartåbygda i Volda.

Iflg. Martin Vasstein, heitte garden Vasstein den gongen far og mor hans, Per og Petrine (Steinsvik) Vasstein, flytte til garden.

Namnet vart endra igjen til Vadstein då Martin Vasstein var i Amerika, frå 1907 til 1919, og det vart ikkje til at han endra det då han kom heim.
Martin Vasstein flytte seinare frå Volda til Harøy og alle etterkommarane hans brukar difor Vasstein namnet.

Etterkommarane til dei andre syskena hans heiter fortsatt Vadstein.

Martin Vasstein gifta seg med Anna Ødegård i 1923, og etterkommarane deira har etterkvart komme opp i 42 personar.




Blank Button


Kilde: Martin Vasstein. Skrevet av Janne Vasstein 2004