STOREBOTNEN



"Steinar Botnen har reist denne minnesteinen over brukarane i Botnen".
Kilde: Gardar og ættar i Volda


SLEKTA TIL PER STEINARSSON STEINSVIK VADSTEIN

Vi vil her fortelle litt om garden Storebotnen, eller Botnen som den vart kalla.
På kva måte har denne garden vore i familien ?
Det kan vere litt innvikla å forstå, men eg vil prøve å gi ei så enkel forklaring som mogeleg.

Den første personen vi har registrert på bruk 2 på Vadstein (Framigarden) har namnet Simon Knutsson Storebotn (Vadstein). Simon er ein av våre anar. Etterkommarar etter han har også gifta seg med personar frå andre greiner i vår familie, m.a. med personar som fører til "vår" del av Vadstein, Heimigarden.

Simon var fødd før 1550 på garden Storebotnen. Simon var son til
Knut Simonsson som i 1540 fekk rydde Botnen og fekk rydningsrett til den.
På garden Storebotnen var det kvern og sag i eldre tid, og det var svært viktig på den tida.
Her er historia litt uklar: På ein eller annan måte har faren til Simon mist rydningsretten til garden og Simon gjekk til sak i 1604 for å få tilbake rydningsretten og rettigheita til saga. Simon fekk tilkjent sin del som han gjekk til sak om i 1606, og fekk i 1619 også tilbake retten til saga.

Simon hadde som tidlegare nemnt flytta til Vadstein og busett seg der. Dotter hans Sigrid gifta seg og dreiv garden på Storebotnen vidare.
Her fortel historia også at mannen til Sigrid slo seg i hel nede på saga i 1638, så Sigrid måtte drive garden vidare til sonen kunne ta over.

Til opplysning gifta ein av etterkommarane hennar, oldebarnet Johannes, seg inn i ei anna grein av vår familie, under garden Kile (sjå meir om dette under garden Vadstein, og Peder Johannesson Kile som var son til Johannes og den første i vår familie som kjøpte garden Vadstein - Heimigarden, på auksjon i 1793).
På denne måten har båe gardane på Vadstein forbindelse med kvarandre, og er i familie frå gamal tid.

I 1943 reiste datidas eigar ein minnestein over brukarane på Storebotnen (Botnen), der namnet til Simon (Storebotn) Vadstein står øverst.
Denne minnesteinen viser brukarane gjennom 400 år.


2007 - Janne Karin Vasstein