Steinsvik

"Just inne i botnen paa den tronge Dalsfjorden i Volda prestegjeld ligg garden Steinsvik.
Der har fraa gamal tid vore fleire bruk, og eit av desse bar namn av Ellingsgarden.
Per heitte mannen paa Ellingsgarden omkring 1800. Han var barnlaus og tok til seg ein systerson, Rasmus Larson fraa Sætre i Dalsfjord. Han tok også til seg ei smaagjente, Marte fraa Korsfur, Rovde. Dei to unge vaks opp ilag, og daa dei vart vaksne gifte dei seg og tok garden. (Dei fekk 8 born.)
Marte døde ung og Rasmus gifte seg oppatt med (Anne) Johanne Aksnessæter (Øydegard), ogso fraa Dalsfjorden. Dei fekk 2 gutar, Steinar og Martin. Den yngste Steinar gifte seg i 30-aarsalderen med ei gjente fraa Aamelfot. Ho heitte Anne Karine (Karina) Pedersdotter Aamelfot.

(Foreldra hennar var Peder Olson frå Bjønnsgarden på Nord-Bjørkved og gardjenta Olave Eriksdotter (Massa-Olave) frå Massagarden i Åmelfot . (Les meir om dei under Massa-Olave)
Lagt til av Janne 2004.)

Steinar og Karina kjøpte eit utslarva bruk der i Steinsvika (Knutsgarden) i 1853 for 345 spd., og arbeidde seg snart fram til velstand etter tilhøva der i bygdene."

Les meir om Steinar og Karina HER.

Notatar av Marta Vasstein, etter Jon Steinarsson Steinsvik.



På Avrong (skarsnø) over Steinsvikneset og anna.
Av Jon Steinarsson Steinsvik
(Artikkelen stod også i Julenummeret til "Møre" i 1948)


"I 1870-80 åra var det fleire tunge snøvintrar og sjøis i Dalsfjorden. Kornet modnast seint og fyrst mikjelsmessdag tok dei til med skuronn. Daa var halmen so frøsen, at dei fekk ikkje binda bunten før leid paa dag daa regne tina isen. Rasmus og eg laut gjæta saude den dagen og fraus so tennene hakka.
I millomtidi fraa grønaaret 1812 har det ikkje hendt at korne fraus her. Mormor (MassaOlave) fortalde tidt om 1812. Ho var fødd i 1800 og døde i 1896. Dei fekk lite mjølmat, men berga seg med fiske, det var rikt av. Ein kan synast no at den tida var det lite hugna for ein ungdom. Ikkje bøker og blad eller ungdomslag og anna. Men dei dyrka meir husfliden, spinning, veving, spøting og sauming. Bestemor fann ut mønster sjølv og spøta teppe, putevar, lauparar og mangt anna rart. Fleire ting av henna arbeid hev vore utstilt i Oslo, Fredrikstad og her paa Sunnmøre.
-
Korleis vinteren 1877-78 var minnest eg ikkje, men maten av det frosne kornet minnest eg vel. Baade flatbrød og graut av mjølet hadde jordfarge og smaken var ikkje til å faa mathug av. Glade var me daa næste aarsavling kom paa bordet.
Vinteren 1880-81 minnest eg godt. Allereie før jul lagdest ei tung snørid, og ho vart langvarig. Over nyttaar la sjøisen til, so dei laut faa otringane utum iskanten. Ein flokk kara gjekk paa land og drog , og andre som var om bord i baaten aa hakka og slo isen. Dei laga seg togstropper (taustropper) som dei sat i foran til aa "triva" isen med. Isen vart liggande heile resten av vinteren og vart svært tjukk. Paaske kom kanskje noko tidleg i -81. Dei som laag til fiske paa Nordøyane kom seg ikkje heim paaskeaftan. Millom dei var bror min Per. Paaskeaftan bles ein sterk nordavind og sjøisen vart broten noko innom Eidset. Me venta heim Rasmus som gjekk paa skule i Volda. Eg tok hesten og køyrde utover for aa taka imot han. Eg køyrde so langt ut at isflaka leva seg under hesten av baara, men snudde fort innat paa heil is. Rasmus kom siglande paa ein færing inn til iskanten. Petrina Løvik var med, ho var daa trulova med Per. Me drog baaten inn paa fast is og feste han der. Hesten trong ikkje mange minutter til gards.
-
Den vaaren flytte Per inn til Vasstein og gifte seg. (Per og Petrina var gifte i Juli 1881.) Det vart ein sein vaar med "lorta" løyse. Det leid over sumarmaal og endå køyrde dei paa avronga (skarsnø) i skogen der hest kunne gaa, for aa hogga rogn og kvist til "bu og smale." Folket sat dog støtt og "smeddrogn".

Før jul 1881 kom eit drygt snøfall. "Kakelinna" tett før jul kramde snøen heilt til fjells. - Men dagen før vesle Jolaftan klårna det opp og vart smellkaldt og avrong (skarsnø) fraa fjøre til fjells. Me var 4 kara som vart samde om aa nøyta dette framifraa føre aa gaa til Nordfjord over Steinsvikeide aa kjøpe eple og neter til Jul. Veslejolafta la me iveg og strakte beint over alle vatn. Det var aa gaa som paa den finaste veg. No visste me at alle mann i den bygda bryggja til jul og at dei var særs gjestmilde folk. Men aa taka imot øl som ein ikkje kjende til kunne faa leide fylgjer. Me vart derfor samde om aa ikkje taka imot øl nokon stad. Komme til sjøen gjekk 2 innover til Torvik og 2 ut til Høynes. Det skorta ikkje paa velvilje, me fekk mat og ølbollen paa borde. Etter avtale let me øle vera, endan vertane både baud og undrast avdi me forsaka ein "tøste"drikk. Rette grunnen at me var rædde uheilt øl sa me ikkje. Me fekk kjøpe det me kunne bere av eple og neter og prisen var svært rimeleg. Over middag samlast me paa Starheim. Ein mann baud oss inn til bords og fekk framsatt mat og øl. Han undrast over at me ikke smaka paa ølet. "De treng just noko "tillvis" som kvikkar nordover fjelle med dei tunge børene", sa han. Men naar me ikkje tok imot øl fann han fram ei flaske kvar sine 2 drammar. Dermed ynskte me gledeleg jul, takka for oss og tok børene og rusla i veg. Føre var som paa sudtur og fort gjekk det. Men daa me skulde undan bakke, tok eplebørene til aa siga åt, endaa so kaldt det var, rann sveitten. Det var avdaga for ei god stund sidan daa me kom heim.
-
Heime var dei nett ferdige med julebrødet og eg gjekk i bad med ein gong og fekk paa meg turre og reine klæde. No smaka det godt aa faa mat og drikke. So bar det under rya og eg sov godt til julaftan om morgonen. Daa stod borde dekt med lutafisk, lefse, søst og nykinna smør m.m."


Avskrive etter notatar frå Marta Vasstein (Anne Marta).
Ein del ord var litt uforståelege, så dei har eg
utheva med " ".


Jula 2004 Janne Karin Vasstein