PER OG PETRINE STEINSVIK VADSTEIN






Biletet ovanfor er av
Per Steinarsson Steinsvik (Vadstein) 1858 - 1906
og
Petrine Larsine Martinsdatter Løvik 1861 - 1935

Dei var dei første i vår familie som busette seg på garden Vadstein
(Bruk 1, Heimigarden)
Per og Petrine er dessutan dei personane vi har gått ut ifrå på vårt slektstre.


Per Steinarsson Steinsvik gifte seg med Petrine Larsine Martinsdatter Løvik i 1881.
Dei kjøpte garden Vadstein av foreldra til Per i 1890.

Iflg. Martin Vasstein, son til Per og Petrine, tok dei namnet Vasstein
og ikkje Vadstein, som garden heitte den gongen.
Namnet vart endra igjen då Martin Vasstein var i Amerika
og det vart ikkje til at han endra det då han kom heim.
Alle etterkommarane til Martin Vasstein brukar difor Vasstein-namnet.

Per og Petrine fekk 5 born:
Anne Oline Karine, Steinar Martinus,
Martin Andreas,
Ane Marta og Olav
.
I tillegg vaks Rasmina Steinsvik opp på garden saman med dei.
Ho var ein slektning frå Steinsvika som hadde misst foreldra sine.




Bak frå venstre:
Steinar, Erling Øvrelid (gift med Lina),
Lina, Marta, Martin.
Midten:
Per og Petrine med Olav foran seg

Per døydde i 1906, berre 48 år gammal. Petrine levde til ho var 74 år i 1935.

Steinar fekk skøyte på garden etter foreldra sine i 1911.
Sjå forøvrig etterkommarane til Steinar og dei andre syskena under slektstreet.


Les historia om då Per og Petrine kom til garden Vasstein

Sitat frå Sella Øvrelid (datter til Lina Vadstein Øvrelid):

Per og Petrina flytte til Vadstein den 25. april 1881.
Det var nok ikkje so fint å koma til Vasstein den gongen.
Det var full vinter, endå det leid so langt uti april.
Isen på Ervik-vatnet var so sterk at han var køyrande
og snøen rakk jamt med Jula-garen.
Det hadde vore ein uvanleg streng vinter, snøen, som la til
ved vinternæter vart liggande. Det var mest ikkje råd
å få tak i vintersved.
Her på garden var lite karfolk-hjelp (gamle Lars var langt oppi åra)
so her hadde det vore rett vanskeleg.
Her var oppbrendt mest alt som laust var. Det første arbeidet
då dei kom til gards var å få streng oppå Røyrbakkane
sopass at dei kunne fira ned nokre droge av åre.
Det var ikkje liketil å laga mat når veden var so heilt rå,
for ikkje å snakke om varme i huset.
Her var mange problem som måtte overvinnast, men dei var unge
og modige so dei greidde det utrolige.
Det tyngste var nok å få vøla husa som var mykje i ustand.
Dei måtte taka eit næsten anna-kvart år,
i dei første ti-tolv åra. Sist var stova i 1896.
Det meste av materialen tok dei frå Bjørkedalen, kjørde, flota
og kjørde det sjøss, flota det over fjorden til Homberset
der det vart saga. Det var eit slit so svært
at me kan mest ikkje tru at det var gjennomførlig,
men sant er det. Og dei greidde å byggje ein fin og koseleg heim.





Tilrettelagt av Janne og Arne Martin Vasstein. 2003.