Ola og Kanutte




Ola Gammelsson Mork (Løvik) og kona Kanutte Mortensdatter Lid



BESTEFORELDRE TIL PETRINE MARTINSDATTER LØVIK

Ola Gammelsson Mork-Løvik var son til
Gammel Olsson Mid-Håskjold (Mork).

Etter at faren jaga han frå garden (sjå Gammel Olson)
busette han og kona hans Kanutte seg i Dalsfjorden, Løvika.

Ola begynte tidleg på sjøen og dreiv fiskeri.
Han segla mange år som styrmann også.
Han var mellom anna med på å bygge vegen mellom
Ørskog og Ålesund, samt Hellebroa og utdjuping av sundet der.

Ola er kjent for å vere ein pioner
innafor Statens Fyrvesen. Han var ein av dei første
kjente fyrbyggarane langs kysten.
Ved hjelp av Ola vart arbeid i Fyrvesenet ei attåtnæring
for svært mange i Dalsfjorden.
Etter at han sjølv fekk tildelt dette arbeidet,
brukte han folk derifrå til å hjelpe seg.
Han hadde 10 - 20 mann i lag med seg under arbeidet,
og dei ferdast langs kysten frå Stavanger
til Vardø i Sunnmørsåttringer.

Dei sette opp seilmerker, jernsøyler m.m.
Ola var dessutan med under oppføring av ein del fyr langs kysten,
m.a. Kvitholmen fyr og Hogstenen fyr (Hogsteinen, Godøya).
Han vart tilsett som fyrvoktar der i perioden 1857 til 1887.

Ola var ein svært religiøs person
som sette kona si Kanutte svært høgt.
Dei fekk eit godt liv med 10 born og 44 borneborn.
7 av borna er nemnt ved namn:

Gurina, Martin, Torine Eline, Ane Marta,
Ragnhild Margrete, Nikoline Petrine og Ragnhild Marta.

Kanutte døde i 1882, 75 år gammal.
Det er uklart kor tid Ola døde, men han levde enno i 1891,
då var han 88 år.




Tilrettelagt av Janne og Arne Martin Vasstein. 2004.