Olave Eriksdt. Aamelfot
"Massa Olave"


Olave Eriksdotter Aamelfot var eldste dotter til Erik Madsson Aamelfot og Kari Isaksdtr. Aamelfotdal. Ho var gardjente på Massagarden (Indre Åmelfot) som faren hadde bygsla av C. Rønneberg.

Olave gifta seg med Peder Olsson Nøre Bjørkedal i 1826, dei bygsla garden av C. Rønneberg 10. februar 1827.
Peder var frå Bjønnsgarden på Nord-Bjørkved. Ilfg. nedskreve materiale arva han retten til Vasstein (Vadstein) av sin morfar, som var busett på Kile. Seinare har retten vore i ætta. Les meir om det HER.

Vi har funne ein del materiale som er skrevet om Olave (også kalla Massa-Olave) og familien hennar. Noko av det vi kan lese er at ho var ei kvinne som var svært flink med hendene sine.
Viser til skriv skrevet av Jon Steinsvik, barnebarnet til Olave:

"Mormor (MassaOlave) fortalde tidt om 1812. Ho var fødd i 1800 og døde i 1896. (Det hadde vore ein sterk snøvinter og tidleg kulde slik at kornet fraus. Notat frå underteikna)
Dei fekk lite mjølmat, men berga seg med fiske, det var rikt av.
Ein kan synast no at den tida var det lite hugna for ein ungdom. Ikkje bøker og blad eller ungdomslag og anna. Men dei dyrka meir husfliden, spinning, veving, spøting og sauming. Bestemor fann ut mønster sjølv og spøta teppe, putevar, lauparar og mangt anna rart. Fleire ting av henna arbeid hev vore utstilt i Oslo, Fredrikstad og her paa Sunnmøre."


Olave og Peder fekk to born, Anne Karine (Karina) og Olina Marta.
Anne Karina skulle ha Vadstein og Olina-Marta fekk Massagarden.
Anne Karina gifta seg med Steinar Rasmusson Steinsvik og flytte til Knutsgarden i Steinsvika. Les meir om dei HER.

Olina Marta gifta seg med Ola Andersson Rangsæter og dei bygsla Massagarden i 1860.

Olina Marta og familien hennar fekk eit tragisk liv.
(Kilde: Dalsfjordsoga, samt familienotatar skrevet av Sella Øvrelid )

OLINA MARTA

Ola, mannen til Olina Marta var høvedsmann og kom bort i vinterfiskja 7. mars 1864 saman med heile båtlaget sitt (6 mann), berre 31 år gamal. Dei hadde då fått to born, Peder (f.1861) og Olave (f.1863).

I 1867 gifte Olina Marta seg opp att med Nils Andreas Larsson Bueide. Dei fekk skøyte på bruket av Christianne Rønneberg den 22. november 1868.
Same året, i oktober, var heile familien, samt svigermora på vitjing til Bueide.
På heimvegen den 13. oktober, hadde båten materiallast og det bles sterk sydvest kuling. Då dei kom opp for Mekneset, gjekk båten full og kantra. Etter mykje bal kom alle seg opp på kvelvet. Båten var fælt uroleg, og dei fall fleire gonger i sjøen, men kom seg merkeleg nok på kvelvet att. Etter stort strev greidde Nils å få ut nygla, båten vart rolegare, og dei greidde betre å halda seg fast. Mørkret kom på, og ingen høyrde naudropa. Heile natta rak dei ut Voldsfjorden, og først i ni-tida om morgonen vart folk på Rotset merksame på kva som hadde hendt. Båtar la ut, og dei naudstadde vart berga. Alle dei vaksne var då med fullt medvett, men dei to største borna var døde. Yngstebarnet, som var berre eitt år, viste livsteikn. Men også det døydde, trass i at distriktslegen kom snøgt tilstades og gjorde alt som gjerast kunne for å berge det.
Olina Marta misste for 3 år sidan mannen sin på ein liknande sørgjeleg måte. No misste ho alle 3 borna sine, Peder og Olave frå første ekteskapet, og vesle Ola frå andre ekteskapet.
Nils fekk helseknekk etter denne harde natta og døydde 20. august 1870, berre 34 år gamal. Han etterlet seg kona Olina Marta som då var 32 år, og sonen Peder som var fødd i 1869.

Olina Marta gifte seg opp att i 1874 med Anders Pedersson Steinsvik. Dei fekk dottera Oluffa 20. februar 1876, ho tok seinare over bruket.

Olina Marta døydde imidlertid 3. desember 1879, berre 41 år gammal, og etterlet seg mann og to born på 10 og 3 år.



Massa-Olave opplevde alle desse tragiske hendingane som skjedde i familien hennar. Ho døydde først i mai 1896, 95 år.


Tilrettelagt av Janne Karin Vasstein - 2005.