Martin og Anna Vasstein



Martin Vasstein var fødd i Volda i 1886. Han vaks opp i ein søskenflokk på 5. Han reiste til Amerika i 1907, men kom attende derifrå i 1919.
Sjå forøvrig boka til Martin, der han fortel om livet sitt.

I 1921 kom Martin til Harøya, han var innleidd av I.P. Huse for å vere med på torvedrift.

På Harøya møtte han Anna Ødegård, som han seinare gifta seg med. Ho kom frå garden Ødegård i Vistdalen, og hadde tatt seg arbeid som tjenestetaus.

"Iflg. Martin hadde Anna allereie blitt lovt bort til han då ho låg i vogga.
Martin var den gongen rundt 15 år, og far til Anna var på veiarbeid i Volda.
Det var ein nydeleg fin dag og Anton, far til Anna, var svett etter ein hard arbeidsdag.
Då han såg Martin, sa han: Hentar du meg ei pøs med vatn, skal du få yngste dotter mi som ligg heime i vogga. Martin henta vatn til Anton. Lite ante han at Anna, som låg i vogga, skulle bli kona hans 20 år seinare."

Anna og Martin bygde seg hus og busette seg på Harøya, dei fekk etterkvart 3 born og mange etterkomarar.

Martin døydde i 1970, 84 år gammal. Anna døydde i 2000, ho vart 98 år gammal.


Her eit bilete av familien:
Frå venstre Petrine, Martin, Per, Anna og Arve.




Ovanfor er eit bilete av heimen deira på Nordheim





Tilrettelagt av Janne og Arne Martin Vasstein - 2004.