Martin og Ane Marta Mork Løvik





FAR OG MOR TIL PETRINE MARTINSDATTER LØVIK


Eit kort samandrag om Martin Løvik.

Martin Olsson Mork Løvik (Løvik-Martin)
vart fødd 17. november 1835 og vaks opp
i Løvika som einaste son saman med 6 systre.
Han gifta seg i 1858 med Ane Marta Pedersdotter Bjørkedal.
Dei tok over garden etter foreldra hans 4. april 1859.

Martin fulgte i faren sine fotspor innan fyrvesenet.
Den fyrste jobben han var med på der var under oppføringa
av Hogsteinen fyr der faren seinare vart fyrvaktar.
Han var og ein periode formann i fyrvesenet
og var med på oppføring av forskjellige fyr.
Han var også formann i merkevesenet der dei utførte
merking på same strekning
som faren hadde arbeidd med tidlegare.

Martin eigde 2 merkebåtar med mannskap på 12.
Dette arbeidet heldt han på med i 6 år,
før han vart formann i oppføringa av Lepsøyfyret,
Saltholmen fyr ved Lillesand, samt fyret
i Vatlestraumen ved Bergen.
I 1887 var han med under oppføringa av
Dampskipskaia i Ålesund. Seinare vart han kontrollør
under oppføringa av Holmen Grå og Torven fyr.
Martin slutta i Fyrvesenet i 1898,
etter oppføringa av det elektriske fyret ved Ryvingen.

Martin og Ane Marta fekk 5 born:

Ola, Petrine, Kanutte, Elisabet og Per.
Ane Marta døydde i 1904 og Martin døydde i 1925,
90 år gammal.

Det var hos Løvik-Martin at Martin Vasstein
fekk pengar til Amerikareisa si,
sjå boka til Martin Vasstein.



Tilrettelagt av Janne og Arne Martin
06.11.2004