LØVIK


Løvik er truleg ein gammal gard. Han er allereie nemnd i skattelistene i 1596.
Garden har hatt mange namn opp gjennom tidene, namn som Ervig, Løffwig, Løvig, seinare Løwiig og Løevig.

Det er litt uklart kva namnet kjem av, men eitt av forslaga har vore Le-vika - "den lune vika".
Det har vore 2 bruk i Løvika så langt attende ein kan finne skriftlege opplysningar, Martingarden og Larsgarden.

Den første i vår slekt som busette seg der, var Ola Gammelsson Mork.
Han kjøpte Martingarden i 1832 for 320 spdl. og busette seg der i mars 1833 saman med si kone Kanutte Malene Martinsdatter Lid (indre).

Les meir om Ola og Kanutte her



Tilrettelagt av Janne og Arne Martin Vasstein 2004.