VELKOMMEN
TIL LAILA OG HÅVARD ALVESTAD SI
HEIMESIDE



Vi ønsker på denne måten å informere litt om vår familie. Vi har lagt inn ein del stoff om oss sjølve, samt bilder.


Familien vår
Barna våre
Bilder



Familien vår

Familien vår består av 4 personar, Laila Aud Vasstein Alvestad, Håvard Alvestad, Trude Alvestad og Frank Alvestad.
Laila og Håvard er pr. i dag busett på Hareid, Frank i eige hus på Hareid og Trude i Oslo.



Bilde av familien Alvestad teke i 1988. Frå venstre Håvard, Konrad, Laila. Framme frå venstre Frank, Trude og Haldis. (Haldis og Konrad er foreldra til Håvard)




LAILA AUD VASSTEIN ALVESTAD

Eg er fødd og vaks opp på Harøya saman med min mor og far, Amalie og Arve Vasstein, og min bror
Arne Martin.
Der gjekk eg 7 år på barneskulen + framhaldsskule. Etter dette reiste eg ein tur til Levanger som hushjelp.
Der var eg i 4 mnd. (heimlengselen var for stor)
Etter dette arbeidde eg på kvalstasjon og butikk.




Bilde av Laila som barn heime på Harøya.



I 1968 - 1969 gjekk eg på folkehøgskule i Molde. 1969 - 1970 gjekk eg på Vestborg Handelsskule, der eg vart kjent med han som er mannen min, Håvard Alvestad. Eg flytta til Hareid i 1970 der eg fekk meg arbeid ved ein butikk. Vi gifta oss i 1972 og vår førstefødte var ei jente som vart fødd den 8. juli 1973, ho heiter Trude. Vi bygde hus i 1976 på Teigane på Hareid, der vi flytta inn i 1977. Den 30. september 1977 fekk vi ein gut, som heiter Frank.

Bilde av Laila teke i heimen deira i 1995.


Eg jobbar pr. i dag ved ein skobutikk på Hareid.
Trude er utdanna sjukepleiar og busett i Oslo, der ho jobbar ved Ullevoll sjukehus.
Frank er utdanna elektrikar, og jobbar som elektrikar. Han har kjøpt eige hus og bur på Hareid.
Mannen min Håvard arbeider på kontoret ved Kleven verft. Han jobbar med innkjøp.



HÅVARD ALVESTAD

Eg er fødd 1. september 1951 og har vakse opp på Hareid saman med min mor og far Haldis og Konrad Alvestad. Etter framhaldsskulen byrja eg på Hareid kommunale realskule i 1966. Etter endt eksamen i 1968 arbeidde eg eit år i bakeriet til far min. I 1969 - 1970 gjekk eg på Vestborg Handelsskule. Etter handelsskulen arbeidde eg eit år i bakeriet til foreldra mine. Eg avtjente militærtenesta frå 1971, i Steinkjer, Setermoen og Porsangermoen. Laila som eg traff på Vestborg Handelsskule vart eg gift med i 1972. Same året byrja eg på Borgund Vidaregåande, der eg gjekk på røyrleggjarlina.



Forlovelsebilde av Laila og Håvard



Eg fekk arbeid ved Bergens Rørhandel i Ulsteinvik i 1974. Med nokre avbrot som sjølvstendig næringsdrivande, fiske og ein tur på kvalfangst, har eg arbeidd nærmast 20 år i verksemder innan skipsindustri i Ulsteinvik. I 1988 då fleire verksemder hadde nedgangstider, gjekk eg langtidspermitert og tok då eksamen i Allmennfag Vidaregåande Skule, og fekk arbeid igjen etter endt eksamen. Eg arbeider i dag som innkjøpar ved Kleven Verft A/S i Ulsteinvik.



Bilde av Håvard teke i 1988



tilbake til toppen av siden

Barna våre


TRUDE ALVESTAD


Trude vart fødd 8. juli 1973 og budde dei første åra saman med sine foreldre i huset til besteforeldra på Hareid, før dei flytta til Teigane på Hareid i 1977.


Trude 2 mnd. gammal


Etter endt ungdomsskule starta Trude på Ulstein Vidaregåande Skule, almennfag, i 1989. I 1992 etter eksamen på vidaregåande, begynte ho i bakeriet til sin farfar. Hausten 1992 tok ho examen philosofikum, og tok då til på Universitetet i Trondheim hausten 1993. Der var ho i 3 semester, til ho begynte ved Sjukepleiehøgskulen i Molde i januar 1995. Etter endt utdanning i januar 1998, fekk ho jobb ved Ullevoll Sykehus der ho framleis er tilsett. (des. 2000)



Konfirmasjonsbilde av Trude i 1988.




FRANK ALVESTAD


Frank vart fødd 30.september 1977. Etter endt ungdomsskule tok Frank til på Ulstein Vidaregåande Skule, elektrofag, i 1992. Der gjekk han i to år. Like etter at han hadde teke til på tredje året, søkte han ein ledig jobb som lærling ved Hareid Kommunale E-verk. Han fekk plass der som lærling, og etter 3 år tok han fagprøve som elverkmontør Gr.A.


Bilde av Frank teke i 1978, 4 mnd. gammal.




Etter endt læretid fekk han tilbod om arbeid i Tussa som i mellomtida hadde kjøpt opp Hareid E-verk. Då han måtte heilt til Eggesbønes, fekk han seg arbeid på Hareid Elektriske A/S i 1998, der han har teke montørsertifikat Gr.L. Han arbeider for tida på tavleverkstaden hjå Hareid Elektriske A/S. (des. 2000)


Frank på konfirmasjonsdagen sin i 1991.




tilbake til toppen av siden

Bilder





Bilde teke i heimen vår på Hareid. Frå venstre Trude, Janne, Øyvind, Amalie, Laila, Håvard og Arve.







tilbake til toppen av siden