Gammal Olson Mid-Håskjold


Oldefar til Petrine Martinsdatter Løvik


Gammel Olsson Mid-Håskjold vart fødd i 1777 på Hinngarden, Håskjold Midtre. Av 5 sysken var han nr. 4.
I 1781 kom faren hans, Ola Olsson Hovde, bort på sjøen berre 42 år gammal. Alle 5 ombord omkom, men vart funne og gravlagde i Ulstein.

Gammel Olsson gifte seg med Torina Nilsdotter Lille-Mork i 1802, og bygsla garden Lillemork i 1801, han kjøpte den seinare ut.
Det er ingen som har så mange segner etter seg som "Gamle-Gammel" som han vart kalla.
Gammel var ein original og ein svært bestemt kar. Han var m.a. kjent for å tukta futen og litt av ein doktor som forstod seg på årelating og kopping, samt hadde stor kunnskap til igler.
Han reiste mykje rundt som doktor, og tok ofte lange turar like til Giske og Nordøyane. Han hadde stor framgang med det han tok seg til med. Kona hans Torina var også litt av ein doktor, ho fungerte som jordmor i bygda.

For å syne staheita til Gammel kan vi fortelja om kva som hendte då den eldste sonen, Ola, ville trulova seg.
Ola traff ei fattig jente, Kanutte Mortensdatter Lid, som han ville gifte seg med. Dette likte ikkje Gammel, for han hadde sett seg ut eit anna koneemne for han. Han kravde at enten jaga han jenta eller så vart han jaga frå garden. Guten nekta å seia frå seg jenta og faren vart sint og sprang etter han. Guten tok då båten sin og rodde inn til Løvik i Dalsfjord, der han fann eit nedlagt gardsbruk som dei slo seg ned på.
Då Gammel skjøna at han kom ingen veg med guten, prøvte han seg på jenta for å få ho til å ombestemme seg, men der møtte Gammel motstand, for den jenta var ikkje råd å komme nokon veg med, ho var ikkje redd han.
For å gjere ei lang historie kort, så vart denne jenta godt likt av Gammel til slutt, men han fekk ikkje Ola til å komme attende for å ta over garden, så det laut den yngste dottera gjera.
Meir om Ola Gammelsson Mork under eige kapittel.

Vil du lese meir om Gammel, så står det skrevet ein del om han i Morkabygd-soga.



Tilrettelagt av Janne Karin Vasstein