Historia til Martin Vasstein


Heimen til Martin.

Eg byrja på livet som alle menneske med folkeskulen som fyrste mål, berre med skilnad frå dei fleste at eg hadde ikkje mindre enn 8 lærarar på 7 år. Men det gjekk på ein måte det og. Det rare var at vi gledde oss for kvar ny lærar vi fekk.
I starten då eg begynte på skulen, var det omgangsskule, to veker på kvar gard, og fire veker fri. Men så hadde vi heimeleksene, og det var ikkje så lite. Det var eit ljospunkt for meg og dei som var i same alder at vi slapp forklaringa. Vi skulle nemleg skifte frå riksmål til landsmål, og forklaringa vart ikkje ferdig før det året eg gjekk for presten. Det vart eit hardt år, for presten krevde at vi skulle kunne forklaringa, elles kunne vi risikere å ikkje verte konfirmert, og det var ikkje bra. Det vart no så at vi kom oss igjennom med mykje strev.


Fam. Vasstein, bakerst til høgre er Martin.

To år før eg var konfirmert, var far med å setja opp Skansekaia i Ålesund. Far, bestefar og Jon farbror hadde det på akkord. For at vi hadde vore så flittige med slåtten, skulle Lina, Steinar og eg få reise til Ålesund på gjesting til far, og det kan de tru vart spaning. Øvrelid skulle ein tur heim så han vart med oss som reiseleiar. Det var ikkje lite av ei oppleving. Då vi kom til kaia i Ålesund stod far, bestefar og fleire andre og tok imot oss. Vi fekk vera der i fleire dagar. Om dagane når far var på arbeid, gjekk vi rundt i byen og såg oss om, så då vi kom heim att hadde vi mykje å fortelja. Vi var dei fyrste i bygda som hadde vore så langt i barnealderen.

Året etter eg vart konfirmert fekk eg vera med far til Ørsta, for han hadde teke på seg å setja opp folkehøgskulen. Der var eg til skulen var ferdig hausten 1902.
I 1903 var eg heime. Lina vart gift då ut på seinsumaren. Året etter var eg med far til Oslo, for vi skulle byggje hus åt Rasmus farbror. Det vart eit heilt omskifte frå det eg var van med. Edvard Nes var og med. Han var ein dreven trearbeidar og hadde vore mykje med far før.


Ålesund etter brannen.
Før eg går vidare lyt eg fortelja at Ålesund brann ned i februar same året. Far fekk difor telegram frå N.O. Nørve at han måtte få med seg nokre mann og kome til Ålesund for å byggja barakkar så snart råd var, og dagen etter var vi på farten. Lars, Laurits Britanius Humborset og eg vart med. Men det vi fekk sjå då vi kom til Ålesund kjem eg ikkje til å gløyme så snart.
Det lukta brent alle stadar, store fiskestablar morma og brann enno, og ikkje eit hus å sjå med unnatak av pakkhuset på Skansekaia.

Neste side


Kontakt vasstein.com

Side 2
Side 3
Side 4
Side 5
Side 6
Side 7
Side 8
Side 9
Side 10
Side 11





Tilrettelagt av
Frode Vasstein



© vasstein.com 2000