AUSTEFJORDEN OG DALSFJORDEN



Ein stor del av våre anar kjem frå Austefjorden og Dalsfjorden.

Namn som Botnen (Storebotn)og Kile i Austefjorden, vidare
innover til Bjørkedalen og Helseth, samt Rossetvik, Steinsvik,
Åmelfot, Løvik og Dravlaus i Dalsfjorden,
er stadar som mange av våre forfedre stammar frå.




Her er eit bilete frå Austefjorden teke våren 2002.


Etter å ha studert slektsmateriell i ei årrekke, har vi også vore
på ein del turar innover til dei stadane vi har lese om.
Vi har fått sett ein del av gardane som mange av våre forfedre
har vakse opp på.



Bilete innover mot Bjørkedalen


Svært mange av våre anar frå Dalsfjorden hadde
eit yrkje innan fyrvesenet.
Dei hadde eigne båtar og reiste og satte opp
fyr og merka leier langs heile kysten.
Les meir om dette under "Våre anar".
Ved å studere vårt slektstre, vil du også finne igjen
stadane vi her skriv om og har bilete frå.



Her kan ein sjå bilete frå Helseth


For dei som ikkje har vore innover på desse traktane,
så vil vi anbefale å ta ein tur til Austefjorden og Dalsfjorden.
Det er ein nydeleg natur og fine stadar å sjå.



Bilete mot Aamelfot i Dalsfjorden


Hausten 2002 Janne og Arne Martin Vasstein