TIL ARVE OG AMALIE SI HEIMESIDE |
||||||||
|
||||||||
![]() ![]() Bilder frå heimen vår på Karihaugen
Eg er fødd på Nordheim på Harøya den 14. mai 1930. ![]() ![]() Seinare vart det arbeid ved leiketøy-fabrikken til Olav Øiehaug, der eg vart verande i 3 år. Eg søkte då på ein skule nær Bergen, staden heiter Ytre Arna, ![]() I Ytre Arna traff eg ho som seinare skulle bli kona mi, ![]() ![]() Etter endt skulegang fekk eg arbeid ved I.P. Huse på Harøy, det var i 1950. Den 20.januar 1951 gifta vi oss og busette oss på Huse dei 4 første åra. Seinare flytta vi ned til min bror som budde på Steinshamn, og der vart vi verande i 4 år. Vi starta bygging av eige hus på Karihaugen og flytta inn der den 22. mars 1960. Vår familie hadde på denne tida auka med to personar, Laila som vart fødd den 5. oktober 1951 og Arne Martin som vart fødd den 24. november 1959. Eg arbeidde hjå I.P. Huse til eg vart pensjonist. ![]() ![]()
![]() Amalie Lerøy vart fødd på Lerøy i Austrheim kommune i 1927. Ho var den yngste av ein syskenflokk på 4. ![]() ![]() Bildet til venstre ovanfor viser Amalie som baby Bildet til høgre er eit bilde av systrene Lerøy med moren Laura i midten ![]() ![]() Heimen til Amalie på Lerøya vart seinare overteke av den eldste systra hennar, Vally, men har også vore eit fint feriemål for andre i familien. ![]() Bildet til høgre viser Amalie på Danmarkstur som 18-åring. Bildet til venstre, viser heimen til Amalie i dag. ![]() På bildet bortanfor kan du sjå søstrene samla i ein sommarferie ved naustet på Lerøya.(Vally bakerst, Aslaug til venstre og Amalie til høgre)
![]() Laila er i dag gift med Håvard Alvestad og busett på Hareid. Dei har fått to barn; Trude fødd 8. juli 1973 og Frank fødd den 30. september 1977. Arne Martin er gift med Janne Karin (f.Sæterøy)og dei er busett i Morsundet på Harøy. Dei har fått to barn; Øyvind fødd 11. januar 1984 og Kjetil fødd 29. juli 1994. ![]() Amalie med 2 av barnebarna, Trude til venstre og Frank i midten saman med ei venninne av Trude. Bildet er teke i begynnelsen av 1980-tallet. ![]() Her er 4 generasjonar samla, Arve, Arne Martin, Øyvind og Kjetil på fanget til Anna. Bildet er tatt i 1994.
Vi bur no i heimen vår og lever eit godt pensjonistliv. Vi kjøpte oss campingvogn ei stund før vi pensjonerte oss, og den har vi ståande på ein stad i nærleiken av Molde. Staden heiter Røvik og der inne kosar vi oss store delar av sommarhalvåret. Vi har no kjøpt ei større vogn, og har bygd på eit tilbygg no i sommar slik at vi har det meir komfortabelt med bad og klosett, samt fleire sengeplassar. Bilete av "campingvogna", samt Arve og Amalie i tilbygget som vart satt opp i år. (2001)
Send en mail til oss ved å klikke på KONTAKT OSS
|