Tilbake til hovedsiden





EI KORT OVERSIKT
OVER ÆTTEGREINA TIL ANNA VASSTEIN
AV MARTIN VASSTEIN


Anna var fødd og vaks opp på Ødegård i Vistdal. Farssida var innflyttarar frå Handegardsslekta i Jondalen i Hardanger. Dei var to brør og båe var gifte. Det var lite av arbeid der, så dei vart samde om å reise Nordover og sjå seg etter noko å gjera. Dei fekk tak i ein robåt, tok med seg konene sine, born hadde dei ikkje enno, mat og klede av det dei eigde og reiste nordover. (Note: I ettertid har det kome fram at den eine av brørne hadde 2 born før dei reiste, den andre var nygift. 01.01.2001 Janne Vasstein.) Dei var heldige på heile turen. Folk var gjestfrie på dei fleste stadene dei kom og fekk både mat og husrom. Veret var bra vil ein tru, for det var på forsommaren. Arbeid var det vanskeleg å få kvar dei kom. Men då dei kom til Tresfjord, råka dei på ein mann som dreiv med båtbygging og han sa at ville dei ta til takke med det arbeidet han kunne by dei, så kunne dei få byrja så snart dei kom seg i orden. Dei skulle få bu i ei gammal kårstove som stod ledig der på garden. Jau, det såg bra ut, så dei slo seg til der for det første. Dei var hendige karar båe to, så dei var godt likte. Men i lengda vart det i trongaste laget, for det såg ut til at det var småfolk i vente. Det gjekk rykte om at ein gard i Vistdal var til sals, så dei to karane tok båten og rodde dit inn. Dei kom til Myklebostad og fekk der vite at garden låg lenger oppe i bygda, om lag ein times gange derifrå. Garden heitte Litle Bergseth Hjellen, eller som dei no kallar Ødegård eller Øygarden. Dei såg på garden og likte seg godt der, så det vart gjort ein handel. Så reiste dei attende til Vistneset, og henta konene og sette bu på Ødegård. Men det vart for trongt der og, så Lars flytte ned i Henriksgarden på Myklebostad. Der fekk dei ein gut som dei kalla Ole. Han gifte seg då han vart vaksen og fekk tre born; Idar Handegard, Olina Handegard og Berthe Handegard. Idar var ein vidkjent mann, doktor, diktar og ein ivrig forkjempar for landsmålet. Eg trur han døydde i 1963.

Farssida til Anna Vasstein

(1.)Brynjulf, den eldste av dei to brørne vart verande på garden Ødegård. Kona hans heitte Anne og ho var ei drivande kvinne. Ein kan gjerne seie at ho dreiv heile Øygardsgrenda og var til hjelp både i råd og dåd. Så vidt eg veit fekk dei to gutar,
(2.) Johannes og Henning. Johannes gifte seg med Søgny Slenes frå Eresfjord. Ho fortalde sjølv at ho hadde med seg 1600 spesidalar i medgift. Dei fekk 4 born;
(3.) Anton, Ingeborg, Kristian og Ole. Ole reiste til Amerika og kom ikkje igjen. Han vart drept av eit tre som fall over han i skogen.


Morssida

Anton, den eldste, fekk garden. Han gifte seg med (4.)Sigrid Bergseth, dotter til (3.)Peder og Ingrid Bergseth.
Bestefar til Peder var frå Hallingdal og heitte (1.)Guttorm Halvorsen. Han kom til Vistdal saman med dotter si Berit. Ho vart gift med (2.)Knut Bergseth (Åse-Knut). Dei fekk sonen Peder og arva garden etter faren. Peder vart gift med Ingrid Solhjell frå Eresfjord. Dei fekk 5 born; Knut, Berit, Lars, Sigrid og Anton. Lars fekk retten til garden då Knut, den eldste, reiste til Afrika og kom ikkje attende. Lars gifte seg med Ingeborg Oppdal og dei fekk 5 born; Ingrid, Signe, Petra, Eldrid og Knut. Berit gifte seg med Sæmund Ødegård og dei fekk 8 born; Olav, Peder, Adolf, Ingrid, Eldrid, Knut, Signe og Anna.
Som nemnt før vart Sigrid P. Bergseth gift med Anton Ødegård og dei hadde 12 born; Sofie, Johannes (han døydde berre 3 veker gammal), Ingrid, Anna, Johannes, Peder (døydde 23 år gammal av tuberklar), Serianna, Bernhard, Knut, Marie, Emil og Alfred.
Anna var den første som gifte seg av desse syskena. Ho gifte seg 14. september 1923 med Martin Vasstein frå Volda. Dei fekk 3 born; Petrine, Per og Arve. Dei er busett på Harøy alle saman.
Dernest vart Serianna gift med Sigurd Brendehaug frå Sunnfjord og driv gartneri på Molde. Dei fekk 2 born; Solveig og Palma.
Ingrid vart gift med Alfred Bergseth som tok over garden etter far sin, Anders Bergseth. Dei fekk 2 born; Edna og Anders. Anders har garden no og er gift med Bodil Helle. Edna er gift med Peder Hjelleteigen.
Johannes vart gift med Margit Stubø i Eidsvåg, og er på Ødegård. Dei har 2 born; Sigfrid og Arne. Sigfrid er gift med Åge Eriksen, Raufoss.
Emil vart gift med Sofie Gussiås. Dei fekk to døtrer; Greta Sissel (ho døydde tidleg berre 16 år under ein hjarteoperasjon på Rikshospitalet i Oslo). Den yngste heiter Eva.
Knut vart gift med Mary Elgenes og dei fekk 2 born; Tore og Sissel. Knut døde av kreft 55 år gammal.
Bernhard vart gift med Edit Pettersen og fekk to born; Audny og Gunvor.
Marie vart gift med Georg Bergseth, Erikgarden. Dei hadde 1 dotter; Greta Sonja.
Alfred vart gift med Kamilla Nauste, Vistdal. Dei fekk ikkje born.
Den eldste av syskena, Sofie, er heime og driv syarbeid. Ho vart ikkje gift. Ingrid døydde av kreft i 1953, 53 år gammal.

Dette ei lita orientering til våre næraste.

Skrevet av Martin Vasstein rundt 1966-67.

Fotnote: I notatet under Ødegårsslekta, skrevet av Alfred Ødegård, er der fleire detaljar om familien. Der er også fødselsdato og årstal teke med, så ein bør få med seg dette skrivet også.

Link til Ødegårdsslekta

Notat: For å forstå betre alle namna til slektsgreina til Anna som er nemnt ovanfor, har vi sett opp ei oversikt nedanfor.

Farssida til Anna Vasstein f. Ødegård

(1.)Brynjulf Handegard (tok namnet Ødegård) g.m. Anne (Ane ?)

Born: (2.) Johannes
Henning

(2.) Johannes Ødegård g.m. Søgny Slenes
Born: (3.) Anton
Ingeborg
Kristian
Ole

(3.) Anton Ødegård g.m. Sigrid Bergseth
Born: Sofie
Johannes
Ingrid

(4.) Anna
Johannes
Peder
Serianna
Bernhard
Knut
Marie
Emil
Alfred

(4.) Anna Ødegård g.m. Martin Vasstein

Born: Petrine
Per
Arve

Morssida til Anna Vasstein

(1.) Guttorm Halvorsen g.m. (ukjent)
Born: (2.) Berit

(2.) Berit Halvorsen g.m. Knut Bergseth (Åse-Knut)

Born: (3.) Peder

(3.) Peder Bergseth g.m. Ingrid Solhjell

Born: Knut
Berit
Lars
(4.) Sigrid
Anton

(4.) Sigrid Bergseth g.m. Anton Ødegård

Born: Sofie
Johannes
Ingrid

(5.) Anna
Johannes
Peder
Serianna
Bernhard
Knut
Marie
Emil
Alfred

(4.) Anna Ødegård g.m. Martin Andreas Vasstein

Born: Petrine
Per
Arve


01.01.2001 Janne Karin Vasstein